Knud Møller Hauan (31. oktober 184010. desember 1898) var ein norsk geolog frå Levanger, kjend for kartlegginga av Trøndelag.

Knud M. Hauan
Fødd 31. oktober 1840 (179 år)
Yrke geolog

Hauan, som var son til ein garvemeister, gjekk i 1856 ut frå bergseminaret på Røros som den aller siste bergkadetten. Frå 1858 til -61 studerte han ved bergakademiet i Freiberg i Sachsen. Deretter var han i tre år amanuensis ved mineralkabinettet på Universitetet i Christiania.

Sidan var han knytt til bergverket på Røros. Somrane frå 1865 til 1874 kartla han geologien i Sør- og Nord-Trøndelag for Norges Geologiske Undersøkelse, i samarbeid med Theodor Kjerulf. Ved folketeljinga 1875 var han styrar av gruvedrifta i Ålen.

KjelderEndra