Knut A. Aaning

fotograf

Knut Andreasson Aaning (23. april 18808. februar 1922) var ein norsk fotograf frå Stryn. Han fekk opplæring i Bergen og frå rundt år 1900 arbeidde han som fotograf i Oppstryn.[1]

Knut A. Aaning
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. april 1880
Stryn kommune
Død

1922 (42 år)
Stryn kommune

Yrke fotograf
Knut A. Aaning på Commons
Brurepar og bryllaupsgjester.

Etter at Aaning døydde vart negativsamlinga hans lagra i kjellaren i huset han hadde budd i og så vart den flytta ut i revefarmen. På 1970-talet enda han på søppelfyllinga. Av ei negativsamling som sannsynlegvis har innehalde mange tusen glasplater er berre 23 bevarte. Dei tilhøyrer Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.[2]

Fotografia syner mellom anna fleire gruppebilete med bryllaupsgjester og nokre med familiar utanfor garden sin i Stryn.

Han døydde ugift av «Influensa» på Fosnes i Oppstryn.[3]

Referansar

endre
  1. Knut A. Aaning frå Preus Museum: Register over norske fotografar
  2. Fotograf Knut A. Aaning (1880-1922) frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
  3. Klokkarbok for Oppstryn 1905-36