Knut Haus

norsk politikar

Knut Haus (8. juni 191523. juni 2006) var ein norsk landbruksmann som representerte Rogaland og Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1973 til 1985.

Knut Haus
Fødd8. juni 1915
Død23. juni 2006
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar
Alma materNoregs miljø- og biovitskaplege universitet

Haus var fødd i Greipstad i Vest-Agder som son til ein lærar og kyrkjesongar. I tida frå 1933 til -39 gjekk han både Sørlandets kristelege ungdomsskule på Birkeland, Vest-Agder landbruksskole i Søgne og eit artiumskurs ved Volda gymnas. Deretter tok han i 1941 sivilagronom-eksamen ved jordbrukslina på Noregs LandbrukshøgskoleÅs i Akershus.

1941-42 var Haus styrar ved Tresamyrenes brenntorvfabrikk i Stor-Elvdal. Frå 1942 til 1948 var han tilsett ved Statens frøkontroll, siste fire åra som avdelingsleiar i Trondheim. Etter to år på landbrukshøgskulen, byrja han i 1950 som assistent ved Felleskjøpet sin forsøks- og stamsædgard Vidarshov på Vang i Hedmark. Frå 1953 var Haus driftsleiar ved Rogaland stamsædgard på Klepp i Rogland, ei stilling han hadde til 1979.

Stortingsperioden 1961-65 var Haus vararepresentant til Stortinget. Då Kjell Bondevik var statsråd i Lyng-regjeringa i fire veker hausten 1963, møtte Haus fast 28.8.-25.9.1963. Åra 1972-73 var Haus var varaordførar i Klepp. Hausten 1973 vart Haus vald til stortingsrepresentant frå Rogaland, og med attval i 1977 og -81 vart han verande på Tinget i tolv år. Heile tingtida hadde han plass i Landbrukskomiteen, formann i komiteen dei siste fire åra.

KjelderEndra