Knut Kristiansen (fødd 16. mai 1928, død i byrjinga av juli 1999 i Oslo) var ein norsk lingvist og indolog.

Knut Kristiansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. mai 1928
Død

juli 1999
Sandaker

Kristiansen voks opp på Raufoss, og studerte latin og gresk ved Universitetet i Oslo. Han interesserte seg også for samanliknande språkforsking og kom gjennom dette inn på studiet av sanskrit (under Georg Morgenstierne) og moderne hindi. Frå 1971 var han universitetslektor i nyindiske språk, og blei seinare amanuensis.

Kristiansen videreførte studia til læraren sin, Morgenstierne, av dei dardiske språka og drog på to forskingsreiser til Nord-Pakistan. Etter den siste turen måtte han amputere deler av beinet. Det var også Kristiansen som ordna samlingane til Morgenstierne. Som ein del av interessa for indiske språk granska han òg romani og romanes, og gav i lag med Lars Gjerde (1944–2015) ut ei bok med tekstar på romanes, The orange of love and other stories (1994).

Kristiansen blei funnen myrda i sin eigen heim på Sandaker i Oslo 20. juli 1999. Han blei sist sedd i live 4. eller 5. juli.[1] I 2015 var drapet framleis ikkje oppklart.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre