Opna hovudmenyen

Rolf Theil, tidlegare Rolf Theil Endresen, (fødd 30. oktober 1946 i Porsgrunn) er ein norsk professor og lingvist ved Universitetet i Oslo. Som språkforskar er han kognitivist, altså ein som ser språklege mønster og kategoriar i samanheng med menneskelege tenkjemåtar. Mellom fulaniane i Maasina i Mali går han under namnet Alfaa Hamiidu Bari.

Rolf Theil
Rolf Theil.jpg
Fødd30. oktober 1946
Porsgrunn
NasjonalitetNoreg
Områdespråkvitskap
Yrkespråkforskar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Theil tok examen artium i 1965 og magistergraden i lingvistikk i 1975 med kinesisk og samisk som støttefag. Deretter var han professor i afrikansk og allmenn lingvistikk ved Universitetet i Oslo i 1994. Så lenge universitetet tilbaud afrikanske språkfag underviste han i fulfulde og hausa.[1] Forskinga hans har også krinsa mykje kring afrikanske språk; til dømes har han laga ei rettskriving for språket nizaa. Han har elles eit tilsvarande prosjekt på gang med ei skulebok i norsk romani.

Theil er ellers kjend for å vere temmeleg språkmektig. Han kan om lag 50 språk og har mellom anna vorte definert som glottoman i språkprogrammet Typisk norsk.[2]. Han har vore leiar i Landslaget for språklig samling frå 1987 til 1989[3] og redaktør for medlemsbladet Språklig Samling. Theil har også hatt eigne språkspalter i Klassekampen og i VG. I 2007 gav han ut ei populærvitskapleg bok med namnet Skyformasjonane på San Franciscos sørhimmel i grålysninga 30. april 1882 og grunnane til at vi ikkje har sett namn på dei. Reiser mellom språk.

Rolf Theil er gift og har ein son. Han er i dag busett i Jevnaker i Oppland.

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. Trine Nickelsen: «Rolf Theil Endresen: Grenselaust forelska i språk» i Apollon (01.03.2001).
  2. Håkon M. Sverdrup: «Typisk norsk - program 8» på NRK.no (02.05.2005).
  3. «Tillitsfolk» på Samnorsk.no.

BakgrunnsstoffEndra