Knut Myrstad

norsk politikar

Knut Myrstad (2. desember 191327. mai 2001) var ein norsk lærar, indremisjonsmann og politikar frå Selje i Nordfjord. Han representerte Kristeleg Folkeparti og Sogn og Fjordane fylkeStortinget frå 1965 til 1977.

Knut Myrstad
Fødd2. desember 1913
Død27. mai 2001 (87 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Myrstad var son til ein småbrukar og fiskar. I ungdomsåra gjekk han Nordfjord ungdomsskule 1931/32, Selje arbeidsskule 1932/33 og Indremisjonens bibelskule 1933/34. Frå 1934 var han ungdomssekretær i Nordfjord Indremisjon til 1945 og så i Indremisjonsselskapet til 1946. Sidan vart han krinssekretær 1946-48 i Sunnfjord indremisjon og 1948-55 i Nordfjord Indremisjon.

Frå 1955 til 1957 arbeidde Myrstad som lærar i folkeskulen i Selje. Deretter var han til 1965 atter krinssekretær i Sunnfjord indremisjon, bortsett frå 1962-64 då han underviste ved Indremisjonsselskapet sin bibelskule i Oslo.

Myrstad vart vald inn på Stortinget for Kristeleg Folkeparti i 1965 og attvald to gongar. Valbolken 1965-69 var han medlem av Protokollkomiteen, dei siste åtte tingåra hadde han sete i Landbrukskomiteen. Han var elles landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti 1973-75 og i same periode varamedlem til sentralstyret i partiet.

Åra 1971-75 var Myrstad medlem i eit offentleg utval som utgreidde ymse stat/kyrkje-spørsmål. Han var far til journalisten og forfattaren Bjarne Myrstad.[1]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Starheim, O. (2019). Knut Myrstad Arkivert 2021-06-11 ved Wayback Machine. på Allkunne.no. Henta 12. juni 2021.