Knut Lindstrøm Rumohr (21. desember 191631. oktober 2002) var ein norsk grafikar og målar frå Frønningen i Sogn, mest kjend for sine abstrakte måleri med utgangspunkt i naturinntrykk.

Knut Rumohr
Knut Rumohr IKL.jpg
Fødd 21. desember 1916
Leikanger
Død

31. oktober 2002
Oslo

Yrke kunstmålar, grafikar, grafiker

LivEndra

I 1934/35 gjekk han på Bergen Kunsthåndverkskole, deretter var han frå 1935 til 1938 elev ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo. Åra 1938-41 gjekk han i lære hos Jean Heiberg og Georg Jacobsen ved Statens Kunstakademi.

Rumohr debuterte som grafikar på Haustutstillinga i 1939 med fargetresnittet Fanter. Fire år seinare heldt han si fyrste soloutstilling i hovudstaden. Framover arbeidde han mykje med tresnitt, særleg xylografi. Hans abstrakte bilete er prega av det ornamentale i norsk folkekunst, samt folkekunst frå Nord-Afrika, dit Rumohr reiste fleire gongar.

Rumohr var aktiv målar fram til 1998.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok IX. 1960