Opna hovudmenyen

Knut Toven (11. mars 189718. november 1980) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Nesset i Romsdal. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget frå 1950 til 1969.

Knut Toven
Fødd 11. mars 1897
Død 18. november 1980
Parti Kristeleg Folkeparti

VirkeEndra

Toven gjekk ut av Gjermundnes landbruksskule i 1919. Han var odelsgut og tok i 1928 over farsgarden Toven i Nesset herad. Same året vart han vald til ordførar i Nesset, eit ombod han hadde til 1942, då han vart avsett av nazi-styresmaktene. I mai 1945 tok han på ny plass i ordførarstolen, der han vart sitjande til 1951.

Ved stortingsvalet hausten 1949 vart Toven vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal som medlem av Kristeleg Folkeparti. Han vart sidan attvald fire gongar. På Stortinget var han medlem i Finans- og tollkomiteen frå 1950 til 1961, i Samferdslekomiteen 1961-65, medan han i si siste tingperiode var tilbake i Finanskomiteen. I same perioden, 1965-69, var han elles nestleiar i gruppestyret til Kristeleg Folkeparti på Stortinget.

KjelderEndra