Knut Ytre-Arne

norsk politikar

Knut Ytre-Arne (19. desember 189630. mars 1968) var ein norsk lærar og politikar frå dåverande Haus herad i Hordaland som representerte VenstreStortinget frå 1949 til 1969.

Knut Ytre-Arne
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1896
Død

30. mars 1968 (71 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Venstre

Ytre-Arne var son til ein gardbrukar. Han gjekk på Fana Folkehøgskule og 1916-18 på Jordbruksskulen på Stend. Etter skuleåret 1920/21 ved Statens småbrukslærerskole underviste han frå 1922 i 16 år ved ulike småbruks- og jordbruksskular, for det meste busett i Meland herad. Åra 1939-47 var han vandrelærar i jord- og husdyrbruk i Hordaland. Til sist var han 1948-66 fylkesagronom i Hordaland.

Ytre-Arne var varaordførar i Fana kommune i tida 1945-55. Då stortingsmann Nils Tveit døydde i juli 1949, rykte Ytre-Arne frå varamannsplass inn på Stortinget. Same hausten 1949 vart Ytre-Arne vald til stortingsrepresentant frå Hordaland for partiet Venstre, og vart attvald i 1953, 1957 og 1961. Han var i alle år på Stortinget medlem i Landbrukskomiteen, frå hausten 1959 var han sekretær i komiteen.

Ytre-Arne var aktiv i fråhaldsrørsla, og vart i 1965 tildelt Klostermedaljen. Mellom anna var han 1943-50 formann i Hordaland fylke av Det norske totalavholdslag og 1946-58 i Edruskapsnemnda i Hordaland, og medlem 1949-67 i Avholdsfolkets landsnemnd.

Kjelder endre