Knutepunkt er ei årleg samling for folk som driv med laiv og rollespel. Arrangementet går på omgang mellom Noreg, Sverige, Finland og Danmark, og deltakarane er frå mange ulike land. Dei siste åra har det mellom anna vore deltakarar frå Slovakia, Bulgaria, Tsjekkia, Israel, Italia, Tyskland, Sveits, Kviterussland, Frankrike, USA og Storbritannia. Namnet skifter frå land til land, så Knutepunkt kallast Knudepunkt i Danmark, Solmukohta i Finland og Knutpunkt i Sverige.

Avheldne Knutepunkt

endre
  • Knutepunkt 1997 Oslo, Noreg.
  • Knutpunkt 1998 Stockholm, Sverige.
  • Knudepunkt 1999 København, Danmark.
  • Solmukohta 2000 Helsingfors, Finland.
  • Knutepunkt 2001 Oslo, Noreg.
  • Knutpunkt 2002 Stockholm, Sverige.
  • Knudepunkt 2003 København, Danmark.
  • Solmukohta 2004 Esbo, Finland.
  • Knutepunkt 2005 Oslo, Noreg.
  • Knutpunkt 2006 Barnens ö, Sverige.
  • Knudepunkt 2007 Helsinge, Danmark.
  • Solmukohta 2008 Finland.
  • Knutepunkt 2009 Oslo, Noreg.
  • Knutpunkt 2010 Fiskeboda, Sverige.
  • Knudepunkt 2011 Helsinge, Danmark
  • Solmukohta 2012 Finland
  • Knutepunkt 2013, Haraldvangen, Noreg
  • Knutpunkt 2014, Halmstad, Sverige
  • Knudepunkt 2015, Ringe, Danmark

Litteratur

endre

I samband med Knutepunkt har ei rekkje bøker vorte utgjevne sidan 2001:

Videodokumentasjon

endre

Knudepunkt 2011 vart dokumentert i videoar som ligg på Knudepunkt 2011 Vimeo Channel.

Bakgrunnsstoff

endre

Knutepunkt 2009 om kva Knutepunkt er

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.