Petter Bøckman (fødd 13. desember 1967 i Oslo)er ein norsk zoolog og universitetslektor ved Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo (UiO). Bøckman jobbar særleg med populærvitskapleg kunnskapsformidling. Han er fødd og oppvaksen i Oslo, og bur der.

Petter Bøckman

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1967 (56 år)
Oslo
Yrke zoolog, lektor

Bøckman har hovudfagseksamen i biologi (zoologi) frå UiO 2002 og er kjend frå radio og TV der han fleire gonger har formidla kunnskap om dyr. Han var òg ein av hovudmennene bak utstillinga «Mot naturens orden?» som handla om homoseksualitet blant dyr. Utstillinga vart synt på Naturhistorisk museum i 2006 og 2007[1] og fekk stor mediemerksemd og hausta debatt etter motstand frå visse kristne miljø; mellom anna slo ein pastor fast at «denne Bøckman vil brenne i helvete».[2] Bøckman mottok Homofrydprisen 2007 saman med Geir Søli for utstillinga.

Petter Bøckman var fast gjest på det populærvitskaplege radioprogrammet SuperstrengKanal 24, frå episode 50 til 58, der han fortalde om dyra sitt sexliv og var kvar veke på Frokost-TV i 2007-2008.

Bøckman var aktiv innanfor laivmiljøet i Noreg på 1990-talet, og har vore medarrangør på ei rekkje levande rollespel. Han har òg skrive ein del laivteori, mellom anna ei tilpassing av The Three Way Model for Nordisk laiv. Han var saman med Ragnhild Hutchison redaktør for artikkelsamlinga til laivkonferansen Knutepunkt i 2005.

Referansar endre

Omsett frå Bokmålswikipedia 4. mars 2011

  1. Oslo gay animal show draws crowds, BBC international, 19. okt, 2006
  2. Lillebo, Maria Røbech (17. oktober 2006). «Provokasjon eller opplysning?». Dagbladet. Henta 26. juli 2008. «..og har blitt bedt om «å brenne i helvete» av norske pastorer.» 

Bakgrunnsstoff endre