Kotsjani

(Omdirigert frå Kočani)

Kotsjani (makedonsk Кочани) er ein by og ein kommune i regionen Aust i Nord-Makedonia, den største byen i den austlege delen av Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei to tidlegare kommunane Kotsjani og Orizari.

Kotsjani
Кочани
Sentrum av Kotsjani
Sentrum av Kotsjani
Sentrum av Kotsjani
Byvåpenet til Kotsjani
Byvåpenet til Kotsjani
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Aust
Grunnlagd 1337
Geografi
Flatevidd 318,6 km²
Flatevidd
 - By

375,44 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2021)
   - folketettleik

31 602
  84,17/km²
Koordinatar 41°54′55″N 22°24′51″E / 41.91528°N 22.41417°E / 41.91528; 22.41417
Høgd over havet 400 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 2300
Telefon-retningsnummer +389 033
Bilnummer KO
Heimeside: kocani.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Kotsjani i Nord-Makedonia
Plasseringa til Kotsjani i Nord-Makedonia
Plasseringa til Kotsjani i Nord-Makedonia

Kommunen har eit areal på 375,44 km2. I 2021 hadde kommunen 31 602 innbyggjarar, medan sjølve byen hadde 24 632 innbyggjarar.[1]

Kotsjani er eit senter for risproduksjon i landet og er kjend for dei geotermiske kjeldene rundt byen. Han ligg 120 km frå Skopje, aust i landet. Nord for byen ligg fjellet Osogovo, og i sør ligg Platsjkovitsa.

Busetnader i kommunen

endre

Dei største busetnadene i kommunen var:

Busetnad Folketal 2002[2] Folketal 2021[1]
Kotsjani 28 330 24 632
Orizari 3 766 2 737
Trkanje 1 225 1 001
Grdovtsi 1 288 930
Gorni Podlog 704 571

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre

Referansar

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.