Geotermisk energi

(Omdirigert frå Geotermisk)

Geotermisk energi (frå den greske rota geo, som tyder «jord» og thermos, som tyder «varme») er energi som er omgjort frå varme lagra i jorda. Denne varmen kjem av restvarme etter jorda vart skapt, frå radioaktiv nedbryting av mineral og frå solenergi absorbert av jordoverflata. Han har vore nytta til bading sidan yngre steinalder og til romoppvarming sidan romartida, men er i dag mest kjend for å generere elektrisitet. På verdsbasis genererer geotermiske kraftverk om lag 10 gigawatt (2007) og det utgjer om lag 0,3 % av det globale straumbehovet. I tillegg er 28 gigawatt med direkte geotermisk oppvarming installert for romoppvarming, kurbad, industriprosessar, avsalting og innan jordbruk.

Damp stig frå Nesjavellir geotermiske kraftstasjonIsland.

Bakgrunn endre

Nedover i jordskorpa aukar temperaturen, om ein ser bort frå dei øvste laga der temperaturen varierer med årstida. Varmen som strøymer ut frå jorda på denne måten er liten, i gjennomsnitt 197 joule per cm² per år, som er nok til å smelte eit islag på kring ein halv centimeter. Kor mykje temperaturen stig nedover, den geotermiske gardienten, er avhengig av dei geologiske tilhøva. Temperaturen er lågast i sedimentområde og høgast i vulkanske område. Som regel stig temperaturen 20–40 °C per km nedover i grunnen, og grunnvatnet i djupner på over 3000 meter har derfor ofte ein temperatur på over 100 °C.

Førekomst endre

Dei geotermiske ressursane på jorda er teoretisk meir enn nok til å forsyne heile energibehovet på jorda, men berre ein særs liten del av han kan utnyttast lønsamt. Varmen som ligg lagra i jorda utgjer 35 milliardar gonger dagens globale energiforbruk på eitt år. Boring og utforsking etter djuptliggande ressurar kostar hundretals millionar kroner og suksess er heller ikkje garantert. Betre teknologi endringar i straumprisar, subsidiar og rentenivå er utslagsgjevande for vidare gjennomføring av geotermiske energi-prosjekt.

Utvinning endre

For å utnytte det varme vatnet i jordskorpa, vert det pumpa ut på same måte som olje og gass, og ofte vert tørre petroleumshol nytta til dette. Salt og gassar i grunnvatnet kan lett føre til korrosjon i leidningar og turbinar, og derfor vert vanlegvis varmen utnytta i ein varmevekslar. Det avkjølte vatnet vert så pumpa attende til laget der ein tok det opp frå, vanlegvis nokre hundre til tusen meter borte boreholet. Slik får ein ei kontinuerleg, sjølvfornyande varmekjelde. Den geotermiske energien ein får frå denne metoden vert vanlegvis nytta til oppvarming av bustader eller gartneri.

Bruk endre

Damp og varmt vatn som strøymer ut frå overflata har lenge vorte utnytta i fleire land. Det meste av varmen vert nytta til oppvarming. I Frankrike vert meir enn 200 000 bustader varma opp med varmt vatn pumpa frå djuptliggande, porøse sedimentære bergartar, og på Island vert Reykjavík varma opp frå varme kjelder i den vulkanske undergrunnen.

Geotermiske kraftverk er lønsame, pålitelege, berekraftige og miljøvennlege, men har historiske sett vore avgrensa til grenseområda mellom jordskorpeplater. Nyare teknologi har utvida mogelegheitene og omfanget til levedyktige ressursar, særleg for å varme opp heimen.

For å generere elektrisk straum vert vassdampen frå borehol òg teken i bruk, særleg i vulkansk aktive område i Italia, New Zealand, Japan, Island, Mexico og USA. Anlegga er derimot små, både av omsyn til jordskjelvfaren og faren for vulkanutbrot i desse områda.

Miljø endre

Geotermiske brønnar slepp ut drivhusgassar som ligg lagra djupt ned i jorda, men desse utsleppa er langt lågare per energieining enn fossile brensel. Vatnet som vert pumpa opp, vert pumpa ned at der det kom frå. Som følgje av dette kan geotermiske energi potensielt dempe global oppvarming om ein går over til denne energiforma i staden for å nytte fossile brensel. Geotermisk energi er slik ein av dei mest attraktive alternative energiformene.

Geotermisk energi er sjølvfornyande om ein ikkje pumper ut reservoaret for hardt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre