7°44′20″N 98°46′20″E / 7.73889°N 98.77222°E / 7.73889; 98.77222

Strand på Ko Phi Phi Don.

Koh Phi Phi Don («koh» tyder «øy» på thai) er den største av Phi Phi-øyene i Thailand. Ho er den einaste av øyene som har fastbuande folk.

Øya er H-forma med hovuddelen av busetnaden på eidet som bind dei to delane saman. Her er også dei fleste turistanlegga.

Ko Phi Phi Don er eit populært reisemål for turistar. Alle tilreisande må komme med båt – frå Phuket, der det er ein internasjonal flyplass, tar turen tre timar.

Den 26. desember 2004 blei øygruppa ramma av tsunamiar utløyst av ei rekke undersjøiske jordskjelv langs ei linje frå vest for Sumatra til Andamanøyane.

Spire Denne Thailandartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.