Koffert

Koffert (frå gresk kophinos, 'stor korg', gjennom lågtysk og fransk) er ein handterbar kasse ein kan bruka til bagasje.[1] Ein koffert har hengsla lok og handtak, og kan også vera utstyrt med hjul, uttrekkbart handtak, stroppar, låsar og lommer. Han kan vera av lêr, metall, ulike typar fiber eller hard plast, eller særleg i tidlegare tider tre eller papp.

Koffert med reisemerke.
UtstillingaKoffermauer-Klagemauer i Stadtgalerie Rheinsberg

Ein større type reisekiste, «amerikakoffert» eller trunk, var vanlegvis utstyrt med handtak i kortsidene slik at to personar kunne bera han.

Ein særskild type mindre koffertar til kontorbruk, ei slags stiv dokumentmapper, blir ofte kalla «stresskoffert».

GalleriEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Koffert