Korg (av norrønt korft, frå latin corbis) er eit ilåt som er fletta, vove eller bunde av eit halvmjukt materiale slik at det får ein fast fasong. Ein kan også bruka ordet om ilåt med same funksjon som korger, som papirkorg eller handlekorg.

Korgveving ved Ossa-sjøen i Kamerun.

Ein har tradisjonelt laga korger over størsteparten av verda, typisk med cellulosefiber som strå, bast, vidje, siv, tynne trestykke og liknande. I nyare tid har ein også teke i bruk plast, metall, tekstilar og anna til å laga korger, og dei treng ikkje berre vera fletta, men kan også vera støypte.

Korger finst i talrike storleikar og fasongar, som høge eller låge, avrunda eller firkanta, med eller utan hol, handtak, lok og fôr. Dei kan ha mange ulike føremål, til dømes lagring, bering, sanking, fiske, framsyning, som fargreie, sovestad eller møbel. Korger kan berast på armen (typisk med handtak i armkroken), ryggen eller hovudet. Tilpassa korger kan brukast til transport på syklar, eller i spesialutforming til ballspel som basketball/korgball.

Tilverking endre

 
Korgmakar i Kolkata i India.
 
Jente i Togo syner fram korgfletting frå toppen med moderne, fargesterkt materiale.

Det å laga til korger og liknande blir kalla korgarbeid eller korgfletting. Dette er ein gammal husflid i ei rekkje kulturar. Enkelte stader er det eit eige handverk for ein korgmakar. Til korgarbeidet høyrer gjerne også innsamling og førebuing av materialet.

Teknikken varierer etter føremål, tradisjon og kva type materiale ein bruker. Korgarbeid kan til dømes delast inn i desse hovudteknikkane: Kveilarbeid, der ein nyttar samankveila tynt materiale som gras eller siv; fletting, der ein fletter flate, vide materiale som palmeblad eller treflak; korgveving, der ein vever mjuke skjenar mellom stivare stakar; og arbeid med hardare røyrstokkar.[1]

Ein vanleg måte å byrja korgarbeidet på er med ein rund eller firkanta botn som ein flettar frå til ein avsluttar med ein kant. Det går også an å byrja på toppen og fletta ned, noko ein til dømes finn døme på i ein del afrikanske korger.[2]

Flettemåten, bruk av materiale og materialfargar set alle preg på utsjånaden til korga. Mønstra korger har tradisjonelt gjerne vore delvis farga med plantefargar. I dag blir det også brukt syntetiske fargar og materiale av mange ulike fargar, som telefontråd.[2]

Bruk endre

 
Korger brukt av fisk- og grønsakhandlarar på Irland.
 
Indiske kvinner går til marknaden med korger på hovudet.
 
Dei sudanesiske korgtypane quffah, kunshibr og ghutaiah.

Korger kan ha ei rekkje ulike bruksområde. Mange av dei er funksjonelle, som å bera eller lagra ting. Korger kan innehalda store, uhandterlege bører, eller kan hindra at skjøre ting, som blomar eller sopp, blir klemde for hardt. Dei kan vera lette å fylla ved sanking, til dømes ved teplukking eller vedsanking. Korger kan også bidra til å syna fram varer på ein god måte på ein marknad eller i ein butikk. I nokre høve kan dei brukast som måleining, noko som er spegla att i den gamle italienske måleininga corba.

Korger som skal stå, berast med hendene eller på hovudet kan ha enkel utforming, kanskje med eit par handtak eller utan. Korger som skal berast på armen eller ryggen kan ha meir solide handtak, selar, reimer og liknande. Korger til visse føremål, som fiske- eller landturar, kan ha særskilde rom og lok som passar til det ein vil ha med, som fisk i det eine høvet og niste, drikke og tilbehøyr i det andre. Andre korgtyper som kan ha spesialtilpassa utforming er berekorger for småbarn, hundekorger med låg opning, innelukka kattekorger med opningshol og så bortetter.

Ein kan bruka korger både til å halda og fanga dyr. Ein tradisjonell birøktingsmetode går ut på å bruka endevende korger til bikube. Mange stader har ein også laga fiskefeller i korgarbeid. Vidare kan ein laga framkomstmiddel av korger, som mindre korgvogner og korgbåtar.

Innanfor kvar korgkultur skil ein mellom ulike bruksområde som kan visa att i utforming og namn. Manasirfolk i Sudan har til dømes quffah, ei stor korg ein hovudsakleg bruker til dadlar og klede, kunshibr, ei litt mindre korg som ein har jord og gjødsel i, og ghutaiah, ei lita korg som blir brukt til frukt og frø og som måleining. Dei har også utvikla eigne korger til bruk på pakkdyr, som qalibah, store sorghumkorger for kamelar, og rahal, traktforma korger som ein fester i par på kvar side av eit esel. Sistnemnde kan tømmast ved at ein opnar ein «propp» nedst i trakta, utan å ta korga av eselet.[3]

I tillegg til den hovudsaklege funksjonelle bruken av korger finst det også bruk som er meir dekorativ eller seremoniell. Forseggjorte korger kan brukast som gåver, til dømes gjeld dette igiseke-korger frå Rwanda og kunstkorger laga av amerikanske hopiar. Hjå hopiane har korga ein viktig funksjon i seremoniar, der dei kan innehalda bønepinnar, bønefjører og bønnespirer.[4] Til påskehøgtida set ein i mange kristne land saman ei påskekorg, ein skikk som særleg er viktig i Aust- og Sentral-Europa, der slike korger blir signa i kyrkja. Mange stader har tradisjonelle brukskorger gått over til å få ein meir dekorativ bruk. Dette gjeld til dømes dei tradisjonelle italienske fiascoane, som opphavleg verna flasker mot støyt under transport men i dag er brukt som identifiserande symbol for tradisjonelle italienske vinar.

Biletdøme endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Korg

Kjelder endre

  1. Erdly, Catherine. «History». Basket Weaving. Henta 8. mai 2008. . Oppgjeve av Engelsk Wikipedia
  2. 2,0 2,1 Zulu Wire Baskets, basketsofafrica.com
  3. David Haberlah, «Cultural landscap of Dar al-Manasir». I Claudia Näser, Mathias Lange (red.), Proceedings of the Second International Conference on the Archaeology of the Fourth Nile Cataract. Berlin, August 4th - 6th, 2005.
  4. Hopi Basketry, nanact.org
  Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.