Koks

karbonrikt brennstoff av kol

Koks er brensel som vert framstelt ved tørrdestillasjon av steinkol. Koks vert produsert i koksomnar, der steinkol vert varma opp utan lufttilførsel, og flyktige bestanddelar i kolet vert drive ut og vert nytta til andre føremål.

Antrasitt (til venstre) og steinkol-koks (til høgre)

Historisk har koks hatt ein viktig funksjon som brensel i byar og tettstader, og som energiberar og ingrediens i ei rekkje industrielle prosessar. Koks gjev lite røyk ved forbrenning, og var eit naudsynt alternativ der ein av miljøomsyn forbaud bruk av kol i bykjernen.

I vesten vert nytta koks no i hovudsak til jarn-og stålproduksjon, der koksen fungerer som reduksjonsmiddel for å trekkja oksygenet ut av jernmalmen. Sidan koks er hardare enn steinkol, så toler han betre vekta av jernmalmen i masomnen og sikrar naudsynt gassgjennomstrøyming for reduksjonsprosessen.

Produksjonen av koks gjev ei rekkje biprodukt, som hydrokarbon og svovel. Knytte til seg koksverka vart det difor bygt gassverk, som produserte lysgass til oppvarming, koking og belysning.

Koks vert enno nytta som brensel i hushald, men den høge forbrenningstemperaturen krev spesialbygde omnar med steinforing for å hindra nedsmelting av jarnet i sjølve omnen. Sidan koks består av nesten rein karbon, er der lite oske og slagg som vert attende.

Kjelder endre

  • Energiteknik Del 1, Upplaga 3:4, Henrik Alvarez