Kolabukta
Kolabukta (russisk Кольский залив; Kolskij zaliv), òg kalla Kolafjorden eller Murmanskfjorden, er ein 57 km lang fjord i Barentshavet som skjer seg innover på nordsida av Kolahalvøya. Han er opp til 7 km brei og 200-300 meter djup. Elvane Tuloma og Kolaelva munnar ut i fjorden.
Austsida av bratt, medan vestsida er forholdsvis flat. På austsida ligg byane Murmansk og Severomorsk og på vestsida Poljarnyj.
Tidvasskilnaden i fjroden er opp mot 4 meter. Om vinteren er den sørlege delena av fjorden islagd.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Кольский залив» frå Wikipedia på russisk, den 7. august 2008.