Tuloma (russisk Тулома, finsk Tuulomajoki, skoltesamisk Tuållâmjokk) er ei elvKolahalvøya i Murmansk oblast i Russland. Elva er 64km lang og har eit nedslagsfelt på 21 500 km². Elva har ei middelvassføring på 255 m³/s.

Tuloma
elv
Land  Russland,  Finland
Nedslagsfelt 21 500 km²
Lengd 64 km
Middelvassføring 255 /s
Kjelde Saariselkä i Finland
Munning Kolabukta ved Murmansk
Kart
Tuloma
68°53′00″N 33°00′00″E / 68.883333333333°N 33°E / 68.883333333333; 33
Wikimedia Commons: Tuloma River

Elva spring ut rundt Saariselkä og Urho Kekkonen nasjonalpark heilt aust i Lapplands län i Finland. Sjølve Tulomaelva vert danna der elvane Lotta og Nota i innsjøen Notozero, og elva munnar ut i Kolabukta like ved MurmanskKolahalvøya i Russland.

Vasskraft endre

Det er bygd to vasskraftverk i elva. Det første kraftverket som vart bygd, Nedre Tuloma, ligg ved byen Murmasji eit lite stykke frå munningen. Det andre og største kraftverket, Øvre Tuloma, ligg ved Verkhnetulomskij 60 km lengre opp i elva. Det er her bygd ei 62 meter høg demning, som dannar eit vassmagasin som er opptil 20 km breitt og som strekkjer seg 120 km oppover Tuloma.

Vannkraftverk Byggeår Fallhøyde Max effekt Middelproduksjon
Nedre Tuloma 1934-38 19 m 56MW 250 GWh
Øvre Tuloma 1961-66 62 m 268 MW 800 GWh

(Lenhydroproject) Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.

Fiske endre

Tuloma var tidlegare ei utmerka lakseelv, på linje med Tanaelva i Finnmark i produktivitet, med ein årleg fangst på over 100 tonn. Ved Padunfossen ved utløpet av Notozero hadde skoltesamane rettar til å fange laks i stengsel, og det vart kvart år fanga fleire titals tonn med laks der.

Men då kraftverka vart bygd vart gyteplassane og vandrerutene til laksen øydelagt. Ved det første kraftverket vart det etter nokre år bygd ei fungerande laksetrapp, og etter kvart tok fisket seg opp mot gamle høgder. Men då det store kraftverket Øvre Tuloma og demninga ved Verkhnetulomskij vart bygd kollapsa laksefisket i elva. Notozero vart ein del av det store Verkhnetulomskoje-magasinet, og Padunfossen vart borte. Det vart bygd ein fiskeheis ved demninga, men den fungerte ikkje og vart lagt ned etter kort tid. Det er likevel framleis ei lita, gjenverande laksestamme i Tuloma, som gyt i dei uregulerte sideelvane nedanfor demninga, då særskild i elva Petsja.[1]

Det skjer no arbeid for å kartlegge høva for å gjenoppbygge ei laksestamme i Tuloma, ved hjelp av tiltak som vil tillate laksen å passere demningane og nå fram til gyteplassar i dei øvre sideelvane i vassdraget, som framleis er i sin naturlege tilstand. Håpet er at dette vil føre fordelar og inntekter til området, i form av fritidsfiske og økoturisme. [2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. tuulomajoki.fi, arkivert frå originalen 20. mars 2007, henta 31. oktober 2008 
  2. Tuloma River Project, arkivert frå originalen 5. januar 2006, henta 31. oktober 2008