Kolatre (Cola acuminata) er eit tre i kattostfamilien som stammar frå Afrika. Det tilhøyrer Cola-slekta med over 120 artar. Kolatreet er er vanleg å dyrka i tropiske område, både i Vest-Afrika og Sør-Afrika. Det har ei belgforma frukt som inneheld 4 nøtter eller kjerner som er 4–5 cm lange. Dei er fyrst kvite og skiftar så farge til raud til svartbrun. Kolafrø inneheld teobromin og koffein. Dei blir etne og brukte som tilsetjingsstoff.

Kolatre
Kolatre
Kolatre
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Sterculioideae
Slekt: Cola
Art: Kolatre C. acuminata
Vitskapleg namn
Cola acuminata

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kolatre