Kolbein Haga (fødd i 1952 i Stavanger) er ein norsk kantor, organist og fyrsteamanuensis i orgel- og kyrkjemusikk. Han er heiderslem av Norsk orgelfestival, fri kunstnar, orgelkonsulent og rådgjevar for kyrkjemusikk og kyrkjefaglege spørsmål.[treng kjelde]

Ved schnitgerorgelet i Martinikerk, Groningen.

Studiar endre

Haga vart utdanna som kantor og organist med Bjørn Boysen som orgellærar ved Noregs musikkhøgskule i Oslo, og vidare med Finn Viderø, som dansk statsstipendiat i solistisk orgelspel ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium i København. Studiane blei avslutta med solistdebutar i København og Oslo hausten 1976.[treng kjelde]

Med hjelp av statlege og andre offentlege stipendium har han gjennomført improvisasjonsstudier med Johannes Ernst Köhler ved Hochschule für Musik Franz Liszt Weimar, DDR.[treng kjelde]

Vidare har han gjennomført praktisk-pedagogisk utdanning i universitets- og høgskulepedagogikk i regi av Norges musikkhøgskule med lærekrefter frå Institutt for pedagogikk, UiO.[treng kjelde]

Arbeidsliv endre

Kolbein Haga har vore organist og kantor i Den norske kyrkja i 25 år, mellom anna i Sandnes kyrkje frå 1977 til 1984.[treng kjelde]

Kolbein Haga arbeidde ved Rogaland musikkkonservatorium, seinare ein del av Universitetet i Stavanger, og har vore medansvarleg for kyrkjemusikarutdanninga der i 20 år. Han har vore sensor og rådgjevar innan sine fagområde ved alle høgare utdanningsinstitisjonar i Noreg som har tilbydd orgel, kyrkjemusikkfag og orgelpedagogisk utdanning etter 1980. Han har hatt ei lang rekkje oppdrag som orgelbyggkonsulent, som rådgjevar vedrørande kompetanseevaluering og kyrkjemusikkspørsmål på eit breidt område. Kolbein Haga har vore kunstnarleg og administrativ leiar for Norsk orgelfestival frå 1990 til 2015. Vidare har Haga arbeidd som prosjektleiar for kyrkjemusikk og rekruttering i KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon, sentralt i Den norske kyrkja.[treng kjelde]

Kolbein Haga har gitt konsertar, radiotransmisjonar og gjort plateinnspelingar i Norden, Baltikum, Sveits, Nederland, Storbritannia og Tyskland.[treng kjelde]

Som utøvar har han profilert seg som tolkar av eldre musikk med vekt på den nordtyske orgelbarokken og Bach, og nordiske komponistar frå våre hundreår.[treng kjelde]

I 1985 framførte Haga Bachs samla originale orgelverk over 15 konserter i St. Petri kyrkje i Stavanger. I 1987 framførte han det meste av Buxtehudes orgelverk over 7 konsertar i St. Svithun katolske kyrkje i Stavanger. Vidare har han urframført ei rad tingingsverk frå nordiske komponistar.[treng kjelde]

Profesjonelt er han tilknyttta Creo – forbundet for kunst og kultur (tilslutta Landsorganisasjonen i Noreg (LO)). Norsk Tonekunstnersamfund og Norsk orgelkonsulentforening, assosiert med KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon.[treng kjelde]

Diskografi endre

Bach-septologien på historiske orgel eller replika av slike, innspelde 1987 - 2022
  • PSC 1038 frå Christian Müllers opus optima i Amsterdams Waalse Kerk,
  • PPC 9032, frå St. Svithun, Stavanger doms Reil opus I,
  • PPC 9038, frå Godtfred Silbermanns opus optima i Freibergs (Sa.) Petri-Kirche,
  • EUCD 89 / ISRC NOMVA 1689, frå schnitgerorgelet i Groningens Martinikerk,
  • EUCD 110 / ISRC NOMVA 1710, dobbel-CD frå Stavanger doms Reil opus II, saman med Ivar Mæland på ahrendorgelet i Udland kyrkje, Haugesund.
  • EUCD 116 / ISRC NOMVA 1816, Bach Organ Works VII frå Lura kyrkje, Sandnes, på Jehmlich Orgelbau Dresdens Zacharias Hildebrandt-replica.[1]

Kjelder endre

  1. Eirik Lodén (31.5.2022). «Skattejakt i musikken». Stavanger Aftenblad. 
  • Bognø, Åge (red.): Festskrift ved 100 års jubileet for Sandnes kirke, s. 26. [Sandnes] : [Menighetsrådet], 1982.
  • Debut i Oslo 1976: Annonse på side 8 i Morgenbladet, 5. oktober 1976.
  • Kolbein Haga hjå orgelkonsulent.no, vitja 24. juni 2020.