Kolgrovnebb

art av sporvefuglar

Kolgrovnebb (Clytoctantes alixii) er ein maurfugl som lever i tett, låg eller gjenvekst vegetasjon lengst nord ved foten av Andes i særs små habitat i grenseområdet mellom Colombia og Venezuela. Han er karakterisert av det kraftige, oppbøygde nebbet, og farga til fjørdrakta åt hannar har bidratt til artsnamnet på norsk. Arten blei første gongen skildra i 1870. Fram til 2007 var fuglen nesten ukjent.

Kolgrovnebb
Illustrasjon av J. G. Keulemans, 1870
Illustrasjon av J. G. Keulemans, 1870
Utbreiing og status
Status i verda: Utbreiinga av Kolgrovnebb
Utbreiinga av Kolgrovnebb
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Clytoctantes
Art: Kolgrovnebb C. alixii
Vitskapleg namn
Clytoctantes alixii

Skildring

endre

Kolgrovnebb er 16 til 17 centimeter i kroppslengd og dei er umiskjennelege. Hannen er skifergrå, men området mellom auge og nebb, samt strupe og brystparti er heilt svarte. Hoa er raudleg brun med mørkare parti på venger og hale. Dei lever i tett eviggrøn underskog, ved utkanten av skog, òg gjenvekst skog, i høgder mellom 200 og 1200 moh. ved foten av Sierra de Perijá. Dei er trudd å vere insektetarar, utan at det finst dokumentasjon.

Populasjonen er estimert til mellom 250 og 1000 individ, og han er trudd å vere minkande.[1]

Kjelder

endre
Referansar
  1. BirdLife International (2015)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kolgrovnebb