Kompot eller compot er ein søt drikk frå Aust- og Sentral-Europa. Han blir laga ved å koka frukt eller bær i ei stor mengd vatn, ofte saman med sukker eller anna søtemiddel. Ein kan også tilsetja smaksstoff som kanel eller vanilje. Både frisk og tørka frukt kan brukast.[1]

Drue-kompot frå Ukraina.

Tillaginga minner om den til kompott, men til kompot er det væska som er viktigast. Ho kan vera svært søt, så ein blandar henne ofte ut med vatn.[2] Drikken kan serverast varm eller kald.[1]

VariantarEndra

UzvarEndra

Uzvar eller vzvar er ein ukrainsk nasjonaldrikk som ein lagar av ulike typar tørka frukt og bær.[3] Han blir ofte søta med honning, og kan ha krydder som kanel, stjerneanis og muskat. Uzvar er ein tradisjonell juledrikk. Ein kan servera drikken saman med kornretten kutja.[3]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Kompot – Russiapedia Of Russian origin», russiapedia.rt.com, henta 8. oktober 2019 
  2. «Kompot – popular Russian fruit or berry drink», russia-travel-guide.com, henta 8. oktober 2019 
  3. 3,0 3,1 «Uzvar, Ukraine National Cuisine - Recipes, Pictures, Info.», ukrainefood.info (på engelsk), henta 8. oktober 2019