Mors (russisk skrift морс) er ein russisk fruktbasert leskedrikk[1][2][3] laga av bær, særleg av tytebær og tranebær, men tidvis også blåbær, jordbær, bringebær og tindved). Ein lager drikken ved å koka bæra saman med sukker, eller ved å blanda safta deira med sukkervatn.[1] Ein del moderne kommersielle typar bruker fermentert og filtrert saft blanda med sukkersirup og vatn. I staden for saft kan ein bruka fruktekstrakt saman med aromatiske essensar, organiske matsyrer, sukker, fargestoff og vatn.

Eit glas mors

Mors er ikkje alkoholhaldig, men blir brukt ein del i cocktailar, ofte saman med vodka.

Historie endre

Mors er først nemnd i verket Domostroj frå 1500-talet, som inneheld instruksjonar for korleis ein lagar drikken. Sannsynlegvis er han langt eldre enn dette verket.[4][5]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «ЭСБЕ/Морс — Викитека». ru.wikisource.org. Henta 29. mai 2019. 
  2. Mors: Russian Fruit Drink
  3. «CranberryJuice». NMU Languages, Literatures and International Studies (på engelsk). Arkivert frå originalen 29. mai 2019. Henta 29. mai 2019. 
  4. Richard Hellie. «6». The Economy and Material Culture of Russia, 1600-1725. s. 104. 
  5. A Chilled Russian Berry Drink – “Mors”