Koordinatar: 59°54′11.160″N 10°41′55.352″E

Kon-Tiki Museet på Bygdøynes på Bygdøy i Oslo, som er eigd og drive av ei privat stifting, hyser fartøy og gjenstandar som har vore nytta eller vart henta heim på dei mange ekspeisjonane som Thor Heyerdahl (1914–2002) gjorde. Han vart vidgjeten verda over då han sigla over Stillehavet med balsatreflåta Kon-Tiki i 1947, og gjorde seg enda meir kjend etter ekspedisjonane med sivbåtane Ra og Tigris. Ved å sigle slike rekonstruksjonar av førhistoriske flåter og båtar freista han å sannsynleggjere teoriar om folkeflyttingar og sambanda over hava i fjern fortid, då han med dette synte at slike ferder kunne gjerast med dei fartøya dei hadde til rådvelde.

Kon-Tiki Museet

StadBygdøy i Oslo
Skipa1949
Opna15. mai 1950
DirektørMaja Bauge[1]
Nettstadhttp://www.kon-tiki.no/
Kart
Kon-Tiki Museet
59°54′13″ N 10°41′53″ E
Kon-Tiki Museet.
Foto: Hans-Petter Fjeld
Kon-Tiki-flåta.
Foto: Kon-Tiki Museet

Kon-Tiki Museet vart opphavleg bygd for å gje plass til og take vare på balsaflåta Kon-Tiki, ein rekonstruksjon av ei pre-columbiansk flåte som Thor Heyerdahl og mannskapet hans sigla ved hjelp av vinden og havstraumane frå Peru til Polynesia i 1947. Seinare har sivbåten Ra II fått plass i museet; dette var ein båt som Heyerdahl fekk bygd i samsvar med sine meiningar om korleis gamalegyptiske havgåande sivskip kan ha vore bygd og innretta. Heyerdahl nytta Ra II på ei sigling frå Nord-Afrika til Karibia etter at han tidlegare hadde gjort ein freistnad med sivbåten Ra, som han hadde fått bygd, men som hadde løyst seg så mykje opp i rom sjø rett før ferda var avslutta at mannskapet måtte gje opp båten.

Museet har òg ei samling av kulturgjenstandar som Heyerdahl hadde med seg frå den arkeologiske utgravninga han stod for på Påskeøya, og ein kopi av dei store og karakteristiske gamle steinstatuane som finst på denne øya. Dessutan finst det på museet ein kopi av eit av fuglemennrelieffa som gruppa til Heyerdal fann under arkeologiske utgravningar rett utanfor Túcume nord i Peru, der Heyerdahl hadde administrert utgravingar som vart gjort frå 1988 til 1992 av pyramidekomplekset La Raya. Likskapen mellom fuglemennene på desse relieffa og framstilingar av fuglemenn på helleristningarPåskeøya vart hevda å vere av dei sterkaste indisiene på teoriane om at det i gamal tid har vore kontakt mellom Sør-Amerika og Påskeøya.

Museet syner òg døme på korleis tradisjonelle båtar av siv har vore nytta i ulike lutar av verda, og anna materiale som Heyerdahl meinte kunne stadfeste teoriane hans om store folkevandringar over verdshava i førhistorisk tid. I kjellaren under Kon-Tiki-flåta er det høve til å vandre gjennom ein 30 meter lang kopi av holer som folk på Påskeøya nytta seg av. Museet har dessutan ein liten kino som syner Thor Heyerdahls film frå Kon-Tiki-ekspedisjonen, og elles er det areal for skiftande utstillingar.

Arkivet etter Thor Heyerdahl med manuskript, publikasjonar, korrespondanse, fotografi, film og bibliotek ved Kon-Tiki Museet vart teken opp på UNESCO si liste over verdsminne i 2011.[2]

Kjelder endre

  1. «Om museet». Kon-Tiki Museet. Henta 28. november 2014. 
  2. «Thor Heyerdahl Archives». UNESCO / Memory of the World. Henta 28. november 2014.