Kon-Tiki-ekspedisjonen
Kon-Tiki-ekspedisjonen var ein seglas med flåten «Kon-Tiki» under leiing av Thor Heyerdahl i 1947 for å sannkjenne ein del av teorien åt Heyerdahl om folkevandringa i Stillehavet. Flåten blei bygd av balsatre. Ein nytta korkje spiker eller ståltråd for å sette han saman, berre tau av hamp. Bambusrøyr, bananblad og nokre få fureplankar var anna byggjematerialar i flåten.
Seglasen starta frå Callao, hamnebyen ved Lima i Peru den 28. april 1947, og tok slutt på eit korallrev ved Raroia i Polynesia den 7. august etter ein overfart på nesten 8 000 km i løpet av 101 dagar. Heyerdahl hadde nå prova teorien om at balsaflåtar kan flyte og segle frå vestkysten av Sør-Amerika til Polynesia, og at det ikkje er noko hinder for at menneske kan ha reist same ruta i førkolumbisk tid.
Bok og film
endreBoka til Heyerdahl om ekspedisjonen vart utgjeven på engelsk i 1948, og omsett til mange språk. Ho kom ut på norsk same år under namnet Kon-Tiki ekspedisjonen og blei ein bestseljar. I 1951 kom filmen Kon-Tiki, som vann ein Oscar for beste dokumentar. Heyerdahl både regisserte og spela i filmen.
Namnet «Kon-Tiki»
endreFlåten blei døypt «Kon-Tiki» etter «solkongen» Con-Tiki Viracocha. Etter det Thor Heyerdahl skriv i boka si om ekspedisjonen fortel ei segn at Tiki og folket hans levde ved Titicaca. Ein dag vart dei overfalle og nesten utrydda av ein nabostamme. Berre Kon-Tiki og dei næraste overlevde. Dei tok seg ned til havet, kor dei forsvann over havet mot vest. I følgje Thor Heyerdahl er Kon-Tiki stamfar til folket i Polynesia.
Mannskap
endreMed unntak av den svenske sosiologen Bengt Danielsson var mannskapet om bord Thor Heyerdal sine vener frå Little Norway under krigen. Utanom ekspedisjonsleiaren Heyerdahl var desse med:
- Erik Hesselberg, som navigatør. Han var ein god målar og hadde teikna den store Kon-Tiki figuren på seglet.
- Knut Haugland, radioekspert som hadde hatt ei viktig rolle under tungtvatnsaksjonen på Vemork under krigen.
- Torstein Raaby, også radioekspert, hadde spela ein viktig rolle under krigen ved senkinga av den tyske kryssaren Tirpitz.
- Herman Watzinger, student ved NTH. Tok fri frå studiane og var ansvarleg for meteorologiske og hydrografiske målingar undervegs.
- Bengt Danielsson blei hyra på i Peru som stuert, med ansvar for daglege matrasjonar. Han var den einaste av mannskapet som snakka spansk, og blei brukt som tolk.
Kon-Tiki i Kon-Tiki Museet
endreSjå òg
endre- Ra I (1969)
- Ra II (1970)
- Tigris (1977)
- Kon-Tiki Museet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kon-Tiki-ekspedisjonen» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mars 2006.
Bakgrunnsstoff
endre- Kon-Tiki Museet
- Heyerdahl, Thor: Kon-Tiki ekspedisjonen. Gyldendal (1948)