Opna hovudmenyen

Karboksylsyre

ei organisk sambinding, oksosyre, som inneheld éi karboksylgruppe, –COOH
Molekylformelen til ei karboksylsyre.

Karboksylsyrer er svake, organiske syrer som inneheld den funksjonelle gruppa –COOH (kalla karboksylgruppe eller karboksyl). Dette viser at eit oksygenatom og ei OH-gruppe er bunde til karbonatomet. Syrene har generell formel R–COOH, der R utgjer resten av molekylet.

Karboksylsyrer får namn etter alkanet dei er danna frå, men med endinga -syre. Dei enklaste av desse, metansyre og etansyre, er best kjende under trivialnamna maursyre og eddiksyre. Karboksylet finn ein òg i alle aminosyrer.

Sjå ogEndra