Kondritt eller chondritt er eit vanleg namn på steinmeteorittar som inneheld kondrular, som er kuleforma aggregat, i ein finkrystallinsk grunnmasse som består av pyroksen, olivin og nikkeljern.

Døme på ein ordinær kondritt
Phnom Penh Kondritt L6 - 1868
«Saint Sauveur» enstatittkondrittar EH5

Dei er dei eldste og mest primitive meteorittane. vart danna når forskjellige typar støv og små korn som fanst i den første tida då solsystemet vart skapt og danna primitive asteroidar. Dei er den vanlegaste meteorittypen som fell til jorda, omkring 85-86% av alle meteorittar som fell til jorda.[1] Studiet av desse meteorittane er viktige spor for å forstå opphavet og aldren til solsystemet, syntesen til organiske sambindingar, opphavet til liv eller at det finst vatn på jorda.

Etter kjemisk innhald vert kondrittane delte inn i tre grupper:

Vidare finst gruppene Rumurutiites (R) og Kakangri (K), der kvar av dei berre reprensterte av eitt enkelt eksemplar.

Dei ulike gruppene skil seg frå kvarandre mellom anna gjennom ulike tal på oksygenisotopar, ulikt metall- og kondrulinnhald og ulike kondruleigenskapar (storleik, type, osb.).

Kjelder

endre
  1. Calvin J. Hamilton (Translated from English by Antonio Bello). «Meteoroides y Meteoritos» (på spansk). Henta 21. juli 2014. 
  • 'Denne artikkelen byggjer på artikkelen «chondrite» s. 84 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  • «Kondritt» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kondritt