Phnom Penh er hovudstaden i Kambodsja og hadde rundt 1 174 000 innbyggjarar i 2005. Byen ligg inne i landet der elvane Mekong og Tonlé Sap møtest, rundt 290 kilometer frå staden der Mekong renn ut i havet. Gjennom Mekong er Phnom Penh den viktigaste hamnebyen i landet. Byen vart hovudstad i 1431 etter at Angkor vart hærteke av thailandske styrkar.

រាជធានីភ្នំពេញ
Horisonten til Phnom Penh
Horisonten til Phnom Penh
Styresmakter
Land Kambodsja
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2019)

2 129 371
Koordinatar 11°33′″N 104°55′″EKoordinatar: 11°33′″N 104°55′″E
Høgd over havet 14 m
Diverse anna
Heimeside: https://www.phnompenh.gov.kh/
Plassering
Phnom Penh is located in Kambodsja
Dagens Vat Phnom (Wat Phnom) i Phnom Penh er frå 1926 og hyser ei mengd statuar av Buddha, og er elles pryda med veggmålingar. Kring sjølve hovudheilagdomen finst mange små altre, mellom dei eit som er vigd Daun Penh («bestemor Penh») og utstyrt med ein moderne fleirfarga statue av ho som etter legenda reiste det fyrste tempelet på staden, som gav namn til byen. På denne høgda står det òg ein liten kinesisk-buddhistisk heilagdom.

Byen har namn etter ein religiøs bygning frå 1373 som vart reist på ein 27 meter høg kunstig haug for å hyse fem statuar av Buddha. Dette tempelet vart kosta av ei rik enkje, Daun Penh («bestemor Penh»), og hadde namnet Vat Phnom Daun Penh, no kjend som Vat Phnom eller «tempelhøgda». Tidlegare hadde byen namnet Krong Chaktomuk (khmer: ក្រុងចតុម្មុខ), som tydar «byen med fire ansikt» og syner til at han ligg ved fire «elver»: elva Mekong ovanfor og nedanfor byen, elva Tonlé Sap (ei sideelv frå ein stor innsjø) og elva Bassac, som er den fyrste av dei armane som storelva skil seg i på vegen ned mot havet.

Innanfor byområdet ligg innsjøane Boeung Kak, Boeung Trabek og Pempeay.

Klimaet i Phnom Penh er tropisk, med ei regntid frå mai til oktober som kan gje temperaturar opp mot 47 °C og ofte særs fuktig luft, og ei tørketid frå november til april med langt lågare temperaturar.

Mellom 1975 og 1979 vart dei fleste innbyggjarane (rund 700 000) drivne ut på landsbygda av Raude Khmer, som då sat ved makta. Mange vart torturerte og drepne. Tortursenteret Tuol Sleng er i dag eit museum for folkemordet.

Kjelder endre

«Phnom_Penh» av redaksjonen i Store norske leksikon, snl.no.