Konevets (russisk Коневец; finsk Konevitsa) er ei øy i Russland på om lag 8,5 km². Her ligg det kjende Konevits kloster. Øya ligg sørvest i innsjøen Ladoga, nær landsbyen Vladimirovka. Øya høyrer til Priozerskij distrikt i Leningrad oblast. Den nærast byen er Priozersk, som ligg 40 km frå øya. Øya Valaam er 60 km borte og St. Petersburg ligg 170 km unna med båt. Det går båttransport frå Vladimirovka som brukar 40-50 minutt på den 6,5 km lange turen.

Klosteret.

Geografi og miljø endre

 
Sandstrender er typisk for Konvets

Øya er 6,5 km lang og stort sett litt mindre enn 2 km brei. På det breiaste nær klosteret på sørsida av øya er ho om lag 3 km brei. Øya består nesten berre av sandjord og det meste av breidda består av fine sandstrender. Topografisk er øya nesten flat. Terrenget består av sandheier som strekkjer seg salkt oppover mot dei indre områda av øya der to klipper, Svjataja og Zmejnaja stig opp til 34 og 29 meter over havet. Desse bratte klippene kjem av erosjon frå då vassflata i Ladoga låg 20 meter høgare enn i dag, og derfor nådde basen av desse klippene, tusenvis av år før elva Neva oppstod. Størstedelen av øya er ikkje busett og er dekt av barskog. Den årlege middeltemperaturen er på 3,5 °C. Øya har ein kort sommar som varer frå midten av juni til siste halvdel av august. Juli er den varmaste månaden på øya. Vintrane kan vere ganske harde og det er då mogeleg å gå til øya over isen.

Historie endre

For meir om dette emnet, sjå Konevskij kloster.
 
Hestesteinen
 
Munken Bogdan baker brød i Konevets

Ein har ikkje sikre kjelder om den tidlege historia til øya. I følgje enkelte kjelder var det ei klippe kalla Kon-kamen eller Hestesteinen på øya der innbyggjarane i Karelia gjekk for å utføre ofringar. Klippa ligg om lag 1 km nordaust for klosteret på vestsida av Svjataja. Steinen er ei rund granittklippe som er 9 m lang og 6 m brei, om lag 4 m høg og veg 750 tonn. Steinen kan minne om hovudet på ein hest. Eit ortodoks kapell er bygd over han. Det russiske namnet på øya og det noverande finske namnet kjem frå namnet på steinen eller kanskje det ein meiner kan ha vore det opphavlege karelske namnet Hevossaari (Hesteøya).

Konevskij kloster vart grunnlagd av Arseny av Novgorod i 1393. Svenskane erobra øya og øydela klosteret i 1577 og 1610. Sverige mista kontrollen over øya då dei vart slått av Peter I av Russland i Den store nordiske krigen. Dei noverande bygningane i klosteret er stort sett frå 1800-talet og starten av 1900-talet. Øya fekk ikkje store øydeleggingar under den russiske revolusjonen i 1917 sidan ho då var ein del av Finland.

I 1940, under den andre verdskrigen flytta munkane til dei indre områda av Finland og enda opp i lag med munkane ved det ortodokse klosteret i Ny Valamo. Øya vart avstått til Sovjetunionen og klosteret forfall. Frå 1944 til 1990 vart øya nytta av det militære og vart derfor lukka for publikum. I 1991 fekk turistar lov å vitja øya igjen og klosteret vart renovert og reparert, klosteret vart gjenopna. I dag held om lag 20 munkar til på øya, som har vorte ein populær pilegrimstad.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

60°51′40″N 30°36′50″E / 60.86111°N 30.61389°E / 60.86111; 30.61389