Kong Abdullah økonomiby

Kong Abdullah økonomiby (KAEC, arabisk مدينة الملك عبدالله الإقتصادية) er eit megaprosjekt annonsert i 2005 av Abdullah bin Abdulaziz Al Saud, som då var konge i Saudi-Arabia.

Kong Abdullah økonomiby
مدينة الملك عبدالله الإقتصادية
by
Land  Saudi-Arabia
Region Mekka-regionen
Del av Economic Cities and Special Zones Authorities
Koordinatar 22°24′N 39°05′E / 22.400°N 39.083°E / 22.400; 39.083
Kart
Kong Abdullah økonomiby
22°24′00″N 39°05′00″E / 22.4°N 39.083333333333°E / 22.4; 39.083333333333
Wikimedia Commons: King Abdullah Economic City
Nettstad: http://www.kaec.net

Byen er utvikla over eit område på 173 km² langs kysten av Raudehavet, kring 100 km nord for Jidda, som er eit stort handelssenter i kongedømet. Byen ligg kring 1 time og 20 minutt frå den heilage, islamske byen Mekka og tre timar frå Medina med bil. Den totale kostnaden på byen er estimert til 86 milliardar dollar, og prosjektet vert utført av Emaar Properties.

Det første stadiet av byen stod ferdig i 2010, medan heile byen er venta å vere ferdig i 2020. Byen er meint å avlaste den oljebaserte økonomien i landet med å føre inn utanlandske og innalandske investeringar. Byen er òg skapt å skape ein million jobbar, særskild for ungdomen i landet, der 40 % av innbyggjarane er yngre enn 15 år.[1][2]

Kjelder endre

  1. Thorold, Crispin (11. juni 2008). «BBC - New cities rise from Saudi desert». BBC News. Henta 5. januar 2010. 
  2. Mouawad, Jad (20. januar 2008). «New York Times - The Construction Site Called Saudi-Arabia». The New York Times. Henta 7. mai 2010. 

Bakgrunnsstoff endre