Statsoverhovud, statsleiar eller statssjef er den øvste leiaren i ein sjølvstendig stat. Overhovudet kan, men treng ikkje, ha den reelle makta i landet. I presidentielle system styrer statsoverhovudet den utøvande makta og opptrer som regjeringsleiar, i semipresidentielle system deler statsoverhovudet denne makta med ein statsminister utgått frå parlamentet, og i parlamentariske system vantar statsoverhovudet reell makt. Statsoverhovud kan få stillinga si gjennom val, arv, eller gjennom å sjølv ta makta i kupp eller revolusjonar, og såleis byggja på ulik legitimitet.

I monarki har statsoverhovudet ein tittel som dronning, konge eller keisar. I republikkar er overhovudet vanlegvis ein president. Somme tider kan ein stat ha eit religiøst overhovud, som paven i Vatikanstaten. Statsoverhovud som har tvinga til seg makta i ein ikkje-demokratisk, autoritær stat blir i moderne tid gjerne kalla diktatorar.

Kjelder endre