Konglar er frøstandane hjå fleire bartre eller nåleplantar.

Kongle av typen (moden) kvinneleg svartfuru (Pinus nigra).

Nåleplantar har hannblomar og kvinneblomar (hoblomar). Etter pollineringa vil kvinneblomane utvikle seg til modne konglar. Dei har skjel og vanlegvis ei treaktig konsistens. Dei kan ha ulike utsjånad, og i mange tilfelle er det mogeleg å bestemme kva slags plante dei kjem frå. Hjå nokre plantar, som einer og barlind, har konglane ein mjukare konsistens og liknar på bær. Einebær kan brukast som matingrediens.

Umodne (grøne) og modne (raude) konglar av barlind. Barlindkonglane vert ofte kalla frukter av di frøet i den modne kongla er innkapsla i eit omdanna kongleskjel (frøkappa), som har bærliknande smak og konsistens.
Spire Denne botanikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.