Kongs-Emnerne

Kongs-Emnerne er eit historisk drama av Henrik Ibsen som først blei gjeve ut i Christiania den 31. oktober 1863. Stykket hadde premiereChristiania Theater den 17. januar 1864. Stykket tek for konflikten mellom kong Håkon IV Håkonsson, svigerfaren hans, Skule Bårdsson, og biskop Nikolaus Arnesson.[1]

Nicolai Halvorsen som Håkon Håkonsson i Kongsemnerne i 1879.

HandlingEndra

Handlinga i stykket går føre seg i tida 1223–1240. Spelet byrjar med at Håkon Håkonsson, hertug Skule og fleire andre er samla for å sjå at det blir bore jernbyrd for Håkon. Denne blir fullbyrda vellukka, og Håkon blir konge i Noreg. Skule ønsker seg kongemakta, men vil ikkje brenna alle bruer, så han reiser seg ikkje direkte mot kongen. I staden verker han i det skjulte for å bli konge. Til slutt går folka til Skule til åtak på dei til Håkon. Skule tapar, og flyktar til ei kyrkje. Utanfor samlar fiendane hans seg. Til slutt går han frivillig ut frå kyrkja og blir drepen.

RollelisteEndra

  • Håkon Håkonssøn, kongevalgt av birkebeinerne.
  • Inga fra Varteig, hans mor.
  • Skule Jarl
  • Fru Ragnhild, hans hustru.
  • Sigrid, hans søster.
  • Margrete, hans datter.
  • Guthorm Ingessøn.
  • Sigurd Ribbung.
  • Nikolas Arnessøn, bisp i Oslo.
  • Dagfinn Bonde, Håkons stallare.
  • Ivar Bodde, hans hirdprest.
  • Vegard Væradal, en av hans hirdmenn.
  • Gregorius Jonssøn, lendermann.
  • Pål Flida, lendermann.
  • Ingebjørg, Andres Skjaldarbands hustru.
  • Peter, hennes sønn, en ung prest.
  • Sira Viljar, huskapellan hos bisp Nikolas.
  • Mester Sigard fra Brabant, en lege.
  • Jatgeir Skald, en islending.
  • Bård Bratte, en høvding fra det trondhjemske.
  • Allmue og bymenn i Bergen, Oslo og Nidaros.
  • Korsbrødre, prester, munker og nonner.
  • Gjester, hirdmenn og fruer.
  • Krigsfolk osv.

KjelderEndra

  1. «Kongs-Emnerne». Store norske leksikon (på norsk). 31. juli 2019. 

LitteraturEndra

  • HTML- og PDF-versjon av Kongs-emnerne basert på 1898-utgaven