Kongsgard
Kongsgard er ein gard som vert eigd av ein konge. Til dømes i vikingtida og i mellomalderen, hadde kongen av Noreg fleire gardar kringom i landet. Garden fungerte som maktsete for kongen, i tillegg til at kongen fekk inntekter frå gardsdrifta. Ofte kunne kongen reisa frå gard til gard, og såleis halda oppe makta si i området.
Bygdøy Kongsgård er døme på ein kongsgard.