Konjakk, fransk: cognac, er ein type druebrennevin oppkalla etter byen Cognac i Frankrike, der drykken vert produsert og lagra i lang tid (minimum to år) på fat av eik for å få den særeigne konjakksmaken. Brennevinet må vere produsert i regionen ikring byen Cognac for å kunne kallast cognac. Tilsvarande druebrennevin frå andre område eller land må ha andre nemningar, og då vert det ofte nytta nemningar som til dømes det engelske ordet brandy, eller den franske nemninga eau de vie.

Ei flaske konjakk av merket Braastad XO

Konjakk vert ofte delt inn i tre ulike gradar, etter alder:

VS (Very Special) – lagra minimum 2–4 år på eikefat
VSOP (Very Superior Old Pale) – lagra 4-6 år på eikefat
XO (Extra Old) – lagra minimum 6 år på eikefat

Nordmenn er eit av verdas mest konjakkdrikkande folk. Særleg i Midt-Noreg, Nordland, Troms og Finnmark vert det seld mykje av dette brennevinet.

Det er fleire konjakkar med norsk tilknyting, mellom dei Larsen Cognac frå Braastad.

Spire Denne drikkeartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.