Konkordatet i 1801

Konkordatet i 1801 var ein avtale mellom Napoleon Bonaparte og Den heilage stolen (paven) som godkjende den katolske kyrkja som majoritetskyrkja i Frankrike, samtidig som han opprettheldt religionsfridom. Avtalen blei underskriven 15. juli 1801, etter lange forhandlingar. Han signaliserte eit betre tilhøve mellom stat og kyrkje i Frankrike enn det som hadde vore etter den franske revolusjonen, men stoppa likevel ikkje striden mellom partane, som heldt fram gjennom 1800-talet.

Allegori av Konkordatet i 1801 måla av Pierre Joseph Célestin François.
Eidsavlegginga ved konkordatet

Konkordatet blei oppheva av ein fransk lov av 1905 som skilde kyrkje og stat. Delar av konkordatet blei verande gjeldande lov i Alsace-Moselle-regionen, som var del av Det tyske keisarriket då loven av 1905 blei vedteken.

Hovudpunkt endre

  • Konkordatet slår fast at katolisismen er religionen til dei fleste franskmenn, men er ikkje ein offisiell religion. Frankrike har religionsfridom, noko som særleg var viktig for jødar og protestantar.
  • Paven fekk rett til å utnemna biskopar att. Dette fekk lita praktisk tyding så lenge dei franske styresmaktene framleis skulle nominera dei.
  • Den franske staten skulle betala lønenen til presteskapet, men desse skulle svergja lojalitet til den franske staten.
  • Kyrkja skulle fråseia seg alle krav på eigedommar som var konfiskerte etter 1790.
  • Dei kristne høgtidene blei gjenetablert som «festtid», med verknad frå påskedag 18. april 1802. Den franske revolusjonskalenderen skulle avskaffast, men dette fann først stad 1. januar 1806, då den gregorianske kalenderen blei gjeninnført.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre