Konsesjon
Konsesjon er eit ord som tyder «løyve» eller «løyvebrev, fullmakt, lisens, lov, einerett, fribrev, privilegium». Ordet kjem frå latin «concedere», 'gå med på, vike'. På engelsk «concession».
I mange samanhenger vert ordet brukt om å få løyve til noko, særleg av staten.
Nokre norske døme
endre- Konsesjon til utbygging av vassdrag (Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE)
- Anleggskonsesjonar for elektriske anlegg med spenning over 1kV (Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE)
- Områdekonsesjon for anlegg for fordeling av elektrisk kraft (Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE)
- Konsesjon for krafthandel
- Konsesjon på malmleiting
- Konsesjon til å overta fast eigedom
- Konsesjon til å driva lokalradio (lokalradiokonsesjon frå (Post- og Teletilsynet))
- Konsesjon til å driva lokalfjernsyn (lokalfjernsynskonsesjon frå (Post- og Teletilsynet))
- Konsesjon til å byggja og driva mobiltelefon- nett (Post- og Teletilsynet)
- Konsesjon til utslepp av forureining (forurensningskonsesjon frå Statens Forurensningstilsyn, SFT)
- Konsesjon til anlegg og drift av taubaner (Taubanetilsynet)
- Konsesjon til anlegg av skitau (Taubanetilsynet)
- Konsesjon for bygging av flyplass (Luftfartstilsynet)
- Konsesjon for å ta over landbrukseigedom med bustad
- Konsesjon til reklamefinansierte radiosendinger
- Konsesjon for riksdekkjande reklamefinansiert fjernsyn
- Konsesjon for behandling av sensitive personopplysninger. (Datatilsynet)