Konstanse
kvinnenamn
Konstanse, Constance og liknande namn er kvinnenamn avleidde av latinsk Constantia, som anten kan vera ei avleiing av mannsnamnet Constans eller visa til det å vera trufast.
Konstanse har namnedag den 19. september.
Andre former av namnet er Constancia, Constanze, Constanza og Konstanze. Connie er eit avleidd namn.
Bruk
endreNamnet var utbreidd blant normannarane. Ein finn det i eldre litteratur — ei heltinne i Canterbury Tales av Chaucer og mor til kongenevøen Arthur i King John av Shakespeare heiter det.
Namneberarar
endre- Constance av Sicilia (1158–98), normannararving av Sicilia gift med Henrik VI av Det tysk-romerske riket
- Constance Bennett (1904-1965), skodespelar
- Constance Towers (f. 1933), amerikansk operasongar og skodespelar
- Constance Briscoe (f. 1957), britisk advoktar og forfattar
- Constance Marie (f. 1969), amerikansk skodespelar, opphavleg Constance Marie Lopez
Anna
endre- Constance er det engelske namnet på den tyske byen Konstanz.
Kjelder
endre- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Constance», A Dictionary of First Names, Oxford University Press
- Margaret Drabble and Jenny Stringer, red. (2007), «Constance», The Concise Oxford Companion to English Literature, Oxford University Press