Connie er eit kvinnenamn danna som ei engelsk kortform av Constance (norsk Konstanse) og andre namn som byrjar med Con-. I nokre høve kan det også vera eit kortnamn for menn.

Skodespelaren Connie Gilchrist.

Connie har namnedag den 19. september.

Bruk endre

Namnet var særleg gjeve som jentenamn i USA på midten av 1900-talet. Det var mykje brukt i 40-, 50- og 60-åra, med ein topp rundt 1955, då rundt 0,5 % av nyfødde jenter fekk namnet.

I Noreg var det 844 kvinner som heitte Connie i 2009.

 
Connie Clausen.

Namneberarar endre

  • Connie Gilchrist (1901–1985), amerikansk skodespelar, opphavleg Rose Constance Gilchrist
  • Connie Clausen (1923–1997), amerikansk skodespelar og forlagskvinne, opphavleg Constance Clausen
  • Connie Francis (f. 1938), amerikansk songar, opphavleg Concetta Rosa Maria Franconero
  • Connie Stevens (f. 1938), amerikansk skodespelar og sonar, opphavleg Concetta Rosalie Ann Ingolia
  • Connie Smith (f. 1941), amerikansk songar, opphavleg Constance June Meador
  • Connie Booth (f. 1944), amerikansk skodespelar
  • Connie Willis (f. 1945), amerikansk forfattar, opphavleg Constance Elaine Trimmer Willis
  • Connie Inge-Lise Nielsen (f. 1965), dansk skodespelar

Menn endre

  • Connie Mack (1862–1956), amerikansk baseballspelar, -trenar og -eigar, opphavleg Cornelius McGillicuddy, Sr.

Kjelder endre

  • Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Connie», A Dictionary of First Names, Oxford University Press 
  • «Connie» ved behindthename.com