Konstantin II av Hellas

Konstantin II GCRR, RE (gresk Κωνσταντίνος Β') (2. juni 194010. januar 2023) var prins av Danmark, tronpretendent av Hellas og hertug av Spártis og konge av Hellas frå 1964 til monarkiet vart avskaffa av den greske militærjuntaen 1. juni 1974.

Konstantin II av Hellas

Regjeringstid6. mars 19641. juni 1973
Fødd2. juni 1940
FødestadAten
Død10. januar 2023
DødsstadAten
GravstadTatoi Royal Cemetery
FøregangarPaul I av Hellas
Gift medAnne-Marie av Hellas
DynastiHellas’ kongelige famile
FarPaul I av Hellas
MorFriederike av Hannover
BornAlexia av Hellas og Danmark, Pavlos av Hellas, Nikolaos av Hellas og Danmark, Theodora av Hellas og Danmark, Philippos av Hellas og Danmark
Den greske kongefamilien
Coat of Arms of the Royal Family of Greece

Han var berre 24 år gammal då han vart konge, men hadde klåre politiske ambisjonar om å vere ein konge med makt og innverknad. Dette førte han opp i fleire konfliktar med dei folkevalde politikarane. Same år som han vart konge, gifta han seg med kusina si, den 18 år gamle prinsesse Anne-Marie av Danmark. Dei fekk etter kvart fem born. Våren 1967 gjorde ein militærjunta statskupp i Hellas, og avsette regjeringa. I desember same året gjorde kongen eit forsøk på motkupp, men dette vart mislukka. Kuppforsøket var dårleg planlagt og hjelpelaust gjennomført. Kongefamilien flykta til Roma, og har sidan levt i eksil, det meste av tida i London.

Som ung vann kronprins Konstantin gull i drakebåtsegling under sommar-OL 1960. Han var òg ein god symjar og hadde svart belte i karate.[1]

Kong Konstantin II vart i 1964 tildelt storkors med kjede av St. Olavs Orden. Han er òg riddar av Elefantordenen og er tildelt Dannebrogordenen.

Ekteskap og barn

endre

I 1963 vart han offisielt trulova med prinsesse Anne-Marie av Danmark. Dei gifta seg 18. september 1964 i Aten, og Anne-Marie vart dronning av Hellas. Saman hadde dei fem born:

Olympiske medaljar

endre
Gull i drakebåtsegling

Titlar, tiltaleformer, dekorasjonar og våpenskjold

endre

Titlar og tiltaleformer

endre
  • 1940–1947: Høgvørde prins Konstantin av Hellas og Danmark
  • 1947–1963: Høgvørde jronprins Konstantin av Hellas, prins av Danmark, hertug av Spártis
  • 1963–1973: Hans majestet kongen av hellenarane, prins av Danmark
  • 1973–2023: Hans majestet kong Konstantin II av Hellas, prins av Danmark

I Hellas vert han omtala som den tidlegare kongen (ο τέως βασιλιάς) eller Glücksburg (o Γκλύξμπουργκ). Av greske royalistar vert han omtala som kongen (ο βασιλιάς). Han vert òg omtala som Kokós (Κοκός), ein kortform av namnet Konstantin, som har vorte brukt sida regjeringstida hans.

Av di han stammer frå kong Kristian IX av Danmark har han tittelen Prins av Danmark.

Kjelder

endre
Fotnotar
  1. Monarchs In Waiting, s.39-41.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Konstantin II av Hellas