Forbrukar

(Omdirigert frå Konsument)

Forbrukar eller konsument har følgjande legaldefinisjon i forbrukarkjøpslova § 1 tredje ledd: Med forbruker menes en fysisk person som ikke hovedsakelig handler som ledd i næringsvirksomhet.

Med forbrukar tenkjer ein hovudsakleg på ein person som er i rolla som kjøpar, av varer eller tenester, men for rettshøvet mellom partane har det klar tyding også om forbrukaren opptrer i rolla som seljar.

Mange forbrukarar har av fleire grunnar ei svak stilling i høve dei som driv næringsverksemd. Det kan ofte vere eit behov for å verne forbrukarar. I så måte er det vedtatt fleire lover som skal vareta forbrukarane sine interesser, som forbrukarkjøpslova, angrerettlova, avhendingslova og bustadoppføringslova . Gjerne ved at dei viktigaste vernereglane er gjort ufråvikelege når den eine parten i ein avtale er forbrukar.

Interessa for forbrukarspørsmål kom opp på den politiske dagsordenen for alvor på 1950-talet. I Einar Gerhardsen si tredje regjering vart Aase Bjerkholt frå 1. august 1955 konsultativ statsråd for familie og forbrukarsaker. 21. desember 1956 vart Familie- og forbrukardepartementet oppretta, med Aase Bjerkholt som den første statsråden.

For å hjelpe forbrukarane i dei problema som måtte oppstå mellom kjøpar og seljar, og for å hindre at problem oppstår, har staten oppretta organ som Forbrukarrådet og Forbrukarombodet. Forbrukarrådet utfører også testar av ulike varer for å undersøke kvaliteten. Resultata av desse undersøkingane blir publisert i Forbruker-rapporten.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre