Kontaktmotstand er elektrisk motstand i grenseflata mellom to leiarar. Om kontaktmotstanden er stor kan dette kan skuldast at kontakten er dårleg, på grunn av at overflatene er ujamne slik at leiarane rører kvarandre i få punkt og leidningstverrsnittet blir difor lite. Dessutan kan overflata vere meir eller mindre dekt med oksidbelegg som virkar isolerande. Gass eller luft som er adsorbert i overflata reduserer òg leiingsevnen.

For å redusere kontaktmotstanden sørgar ein for å halde kontaktflatene reine og, særleg viss ein arbeider med låge spenningar, lodde saman alle samband. Kontaktmotstanden kan òg avhenge av straumretninga. Dette er spesielt tilfelle ved kontakt mellom ein halvleiar og ein leiar eller mellom to halvleiarar. Ein slik kontakt kan virke som likerettar for vekselstraum.