Korintisk søyleorden

Korintisk orden er ein søyleorden som blei skapt i Aten på 400-talet f.Kr. I dei eldste døma skil han seg frå den joniske berre gjennom kapitelet med akantusdekor.

Korintisk søyle
Korintisk kapitel

I den normative arkitekturteorien sin nøydde Vitruvius seg med å skildra berre kapitelet, sidan den korintiske ordninga ikkje har nokre særskilte regler for gesimsen og dei andre delane. I seinromersk tid fekk det korintiske entablementet likevel ein særskild karakter.

Det korintiske kapitelet har ifølgje Vitruvius fått form av skulptøren Kallimakos, som ved eit tilfelle blei inspirert til dette då han la merke til ei korg med leiker, dekket av ei steinskive (abakus), omringa av vill akantus, over grava til ei korintisk jente.

Frå byrjinga i den greske arkitekturen skal den korintiske ordenen hovudsakleg ha blitt brukt til interiør. I den romerske arkitekturen blei han den vanlegaste av dei klassiske søyleordenane, og heldt på denne stillinga i mellomalderen og renessansen. Òg under barokken blei han føretrekt framfor dei andre, enklare og mindre utsmykka ordenane.[1]

Eit kjent døme på bruk av den korintiske søyleordenen er Castor og Pollux-tempelet ved Forum Romanum i Roma.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. «Korintisk ordning», Nationalencyklopedin, 2. februar 2011 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Korintisk søyleorden
  Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.