Kapitel i arkitektur
Kapitel (frå latin caput, «hovud») er eit søylehovud i arkitektur. I vestleg arkitektur er kapitelet, etter romersk og gresk førebilete, elementet som ligg mellom søyleskaftet og abakus, og sameiner den runde forma til den fyrste med den kvadratiske forma til den siste. Kapitel finst både i profan og kristen vestleg arkitektur.
Egyptarane brukte også vanlegvis søyler med kapitel, men med andre former, m.a. lotuskapitel, papyruskapitel og protodorisk kapitel. Også i Midtausten var kapitel eit vanleg innslag i monumental arkitektur, m.a. i Persia. Muslimsk arkitektur utvikla kapitel med andre former, til dels inspirert av eldre typar frå Midtausten eller frå klassisk arkitektur. Også arkitekturen i India og Aust-Asia gjer bruk av kapitel som overgangsledd mellom søyler og entablement, også der med andre former enn i vestleg arkitektur.
Antikken
endreI den klassiske antikken opptrer tre kapiteltypar: dorisk, jonisk og korintisk.
Dorisk
endreDet doriske kapitelet er det eldste av dei tre. Det er høvesvis lett og massivt. I gresk arkitektur består det av ei «pute» (ekinus) med ei firkanta plate [abakus] over.
Jonisk
endreDet joniske kapitelet har voluttar på sidene, tenkt som endane på ein delvis opna pergamentsrull. Derfor er det retningsbestemt, slik at ein treng ein eigen variant i hjørneposisjon.
Korintisk
endreDet korintiske kapitelet har akantusblad og voluttar på sidene. Det blei utvikla av grekarane, men fekk den største utbreiinga si i romersk arkitektur.
Andre kapiteltypar
endreRomarane tilføya toskanske kapitel (ein variant av doriske) og komposittkapitel (som kombinerer element frå korintiske og joniske kapitel).
I bysantinsk arkitektur blei det korintiske kapitelet vidareutvikla til ein type blokkapitel med dekor utforma ved bruk av bor. Desse finst m.a. i Hagia Sofia i Istanbul
Antikke kapitel
endre-
Dorisk kapitel
-
Jonisk kapitel
-
Korintisk kapitel
-
Kompositt kapitel
-
Toskansk kapitel
Mellomalderen
endreBruken av kapitel heldt fram i mellomalderen. Det kan sjå ut som om det var tre ulike retningar i bruken:
- framhald av den klassiske tradisjonen, basert på korintiske kapitel
- enkle kapitel med geometriske former eller planteformer
- menneske, dyr og fantasivesen
Av dei klassiske kapitela var det særleg det korintiske og kompositt-kapitelet som blei nytta. Dei blei nytta som førebilete, forenkla eller som reine kopiar.
Mellomalderen utvikla også eigne kapiteltypar som terningkapitelet og foldekapitelet. Desse finst t.d. på Lyse kloster i Vestland fylke. Kapitel med planteformer og naturalistiske plantar er karakteristiske for gotisk arkitektur.
Kapitel med menneske, dyr og fantasivesen er utbreidde i romansk arkitektur. Det var denne kapiteltypen som særleg cisterciensarane gjorde opprør mot.
Galleri
endre-
Luxortempelet, kalkkapitel i form av lotusblomar.
-
Bysantinsk kapitel.
-
Kapitel frå Hagia Sofia.
-
Kapitel ved fiskemarknaden i Venezia.
-
Romansk figurkapitel i Lund domkyrkje.
-
[[Dalby kyrkje i Skåne], terningkapitel i krypten.
-
Gotisk kapitelband i Bro kyrkje i Gotland.
-
Gotisk kapitelband i Gammelgarn kyrkje.
-
Korintisk kapitel i lesesalen i Kungliga biblioteket i Sverige.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kapitél (arkitektur)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff
endre