Kornsjø stasjon

Kornsjø stasjon er ein stasjon på jarnbanelina Østfoldbanen. Stasjonen ligg i Halden kommune, 169,20 km frå Oslo sentralstasjon og ein kilometer frå riksgrensa mot Sverige. Passasjertoga har ikkje rutemessig stopp på stasjonen.

Kornsjø stasjon, stasjonsbygningen.
Foto: Trond Strandsberg
Kornsjø stasjon, stasjonsbygningen.
Eit godstog passerer Kornsjø stasjon på veg inn i Sverige.

StasjonsbygningenEndra

Den opphavlege stasjonsbygningen, som brente i august 1898, var teikna av arkitekt Peter Andreas Blix og stod ferdig til opninga av denne jarnbanelina i 1879. Ein ny stasjonsbygning i mur, teikna av arkitekt Paul Due, vart teken i bruk i 1900. Denne stasjonsbygningen var større enn den opphavlege, ettersom den nå òg skulle ha lokale for tollkontor og husvære for tollstadsjefen. Kong Oscar II skal ha engasjert seg i utforminga av stasjonsbygningen. På mange vis var det eit prestisjebygg som var meint å skulle gjere inntrykk på ferdafolket ved innreisa til Noreg, som då var i union med Sverige. Bygningen er freda av Riksantikvaren som kulturminne.

KjelderEndra