Koronautlading er ei elektrisk utladning som oppstår på grunn av at ein gass eller ei væske som omgjev elektriske leiarar vert ionisert. Fenomenet vert kalla «koronautlading» og oppstår når gradienten til det elektrisk feltet overstig ein viss verdi.

Koronautladning i eit 500 kV elnett, fotografert med lang opningstid.

Ionisering i elnettet endre

I høgspenningsnettet kan lufta mellom leiarane verta ioniserte, når elektronar frigjer seg frå den negative leiaren og vert akselerert mot den positive leiaren. Det går ein elektrisk straum gjennom den ioniserte lufta, slik at det oppstår eit effekttap. Grenseverdien for når lufta vert ionisert er relatert til feltstyrken, og av ujamnheiter på leiaroverflata, som til dømes rimfrost, fuktig snø, vassdropar i regnvêr og skodde. Når det er rimfrost eller fuktig i vêret kan ein av og til høyra ein fresande lyd frå leiarane i høgspenningsnettet.