Korteks i anatomi
Korteks eller bork er det ytste laget av eit organ.[1] Døme på organ med markert korteks er nyrene (nyrebork), binyrene (binyrebork), eggstokkane (ovarialkorteks), briset (thymuskorteks), og delar av hjernen, slik som hjerneborken.
Ordet kjem av latin 'cortex' som tyder «bork» eller «skal».[1]
Døme
endre- Nyreborken ligg mellom nyrekapselen og nyremergen og bidreg med ultrafiltrasjon.
- Thymuskorteks består for det meste av lymfocyttar og fungerer som eit område for somatisk rekombinasjon av T-cellereseptorar.
- Hjerneborken er det ytre laget i storhjernen og spelar ei viktig rolle i minne, oppmerksemd, tanke, språk og medvit.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cortex (anatomy)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. oktober 2016.