Gökovabukta

(Omdirigert frå Kosbukta)

Gökovabukta (tyrkisk Gökova Körfezi) eller Kermebukta (tyrkisk: Kerme Körfezi, gresk: Κεραμεικός κόλπος, latinsk: Ceramicus Sinus), er ei lang (100 km), smal bukt i Egearhavet mellom Bodrumhalvøya og Datçahalvøya sørvest i Tyrkia.

Akyaka ved Gökovabukta

Administrativt dekkjer kysten av Gökovabukta delar av distrikta Bodrum, Milas, Muğla, Ula, Marmaris og Datça. Den greske øya Kos ligg ved inngangen til bukta.

Bodrum, ligg heilt nordvest i bukta og er den einaste større byen ved kysten. I antikken låg Halikarnassos (dagens Bodrum) og Keramos ved bukta.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 36°59′57″N 28°09′43″E