Kosovo i Eurovision Song Contest

Kosovo har aldri delteke i Eurovision Song Contest, men den kosoviske nasjonale kringkastaren søkte om medlemskap i Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Landet vart ikkje akseptert som fullverdig medlem.


Kosovo


RTK
Uttakingar
Deltaking
Deltakingar 0
Beste resultat
Verste resultat
Poeng

Etter at Kosovo erklærte sjølvstende frå Serbia i 2008, var det kringkastaren Radio Televizioni i Kosovës (RTK) som søkte om EBU-medlemskap, og ynskte at Kosovo skulle debutere i Eurovision Song Contest 2009. Kosovo hadde debutert i Eurovision Song Contest 2009 dersom dei kunne slutta seg til EBU. Kosovo er enno ikkje rettkjend av alle land og heller ikkje medlem av Dei sameinte nasjonane (SN), noko som er naudsynt for å oppnå fullt EBU-medlemskap. Det er allereie inngått ein samarbeidsavtale mellom EBU og RTK, og EBU støttar medlemskapen til RTK. RTK har observatørstatus innan EBU og debuterte i Eurovision Young Dancers i 2011.

Ifylgje den kosoviske avisa Koha Ditore, ville eit mogleg bidrag veljast via ein nasjonal finale som hadde fått namnet Akordet e Kosovës, eit tidlegare popshow som hadde vorte teke av lufta nokre år tidlegare. Antonio Gashi og Valton Beqiri jobbar for at RTK snart kan verte med i EBU. I motsetnad til Luxembourg som ikkje ynskjer å delteke, har Kosovo eit stort ynskje om å delteke.

Kjelder endre